Turn og trampett

Mai 2015

Turngruppa har no teke sommarferie.

Me ynskjer derfor alle turnarane ein god sommar!

Håpar de får brukt nye kunstar ute i det fri!

Ta kontakt med turngruppa/idrettslaget om du har lyst å vere med

å trene den fine gjengen til hausten, me har bruk for vaksne (over 16).

Det blir eit oppstarsmøte etter skulestart.

___________________________________________________

Her kjem litt info om turngruppa. Arbeidsstyret består av Annlaug Rosvold og Aina Olderkjær.

Me er heldige som har fått Nils-Petter Pedersen frå Os Turn til å vera med å starta opp med turn. Han har sagt seg villig å vera med fram til sommaren 2015, det er derfor svært viktig at nokon vaksne (over 16 år) tar trenerkurs 1 innan turn, slik at me kan fortsette med dette tilbudet.  Arbeidsgruppa ønsker derfor kontakt med personar som har kurs eller vil ta kurs innan turn, ta kontakt pr. e-post e.fjorden.turn@gmail.com 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*